Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Habakkuk

Habakkuk

1. kapitlet

1 Framsegni som profeten Habakuk skoda.

2 Kor lenge, Herre, skal eg ropa, og du høyrer ikkje? Eg skrik til deg um vald, og du hjelper ikkje.

3 Kvi let du meg skoda urett, og du ser på møda? Øyding og valdsverk hev eg for augo, kiv yppast, trettor kjem upp.

4 Difor valnar lovi, og retten når aldri fram. Den gudlause ringar inne den rettferdige, difor kjem retten fram rengd.

5 Sjå ut millom folki, skoda og undrast, ja undrast! For eg gjer eit verk i dykkar dagar - de vilde ikkje tru det når det vart fortalt.

6 Sjå, eg vekkjer kaldæarane, det kvasse og bråe folket, som fer fram so vida som jordi når, og eignar til seg framande bustader.

7 Fælslege, skræmelege er dei, rett og velde råder dei seg sjølv.

8 Hestarne deira er rappare enn panterar og ramare enn ulvar um kvelden, og hestfolket deira kjem i rennande fart, hestfolket deira kjem langt burtanfrå, flyg som ørnen som fer etter åta.

9 På veg til vald er dei alle, samlyndt snur dei andlitet fram, og dei sankar fangar som sand.

10 Dei hev kongar til spott og hovdingar til lått, dei lær åt kvar ei borg, dei dungar i hop mold og tek borgi.

11 So stryk dei sin veg som ein vind, og dei fer fram og fører skuld yver seg, for dei hev si eigi kraft til sin Gud.

12 Er ikkje du frå fordoms tid, Herren, min Gud, min Heilage? Me skal ikkje døy. Herre, til dom hev du honom sett. Du fjell, til refsing hev du laga honom.

13 Augo dine er for reine til å sjå på det som vondt er, og du orkar ikkje skoda på møda. Kvi ser du då på svikarar? Tegjer stilt når den ugudlege gløypar den som er meir rettferdig enn han?

14 Du gjer menneskje like med havsens fiskar, med kreket som ingen herre hev.

15 Deim alle dreg han upp med krok, samlar deim i sitt garn, og sankar deim i si not. Difor gled han seg og jublar.

16 Difor ofrar han til garnet sitt, brenner røykjelse for noti si, for dei gjev honom hans feite lut og mergfull mat.

17 Skal han difor få tøma garnet sitt og stødt og stendigt drepa folkeslag utan skonsel?

2. kapitlet

1 På vaktposten min vil eg stiga upp og standa på varden, og eg vil skygna og sjå kva han vil tala med meg, og kva svar eg fær på mitt ankemål.

2 Og Herren svara meg og sagde: Skriv upp syni og rita henne tydeleg på tavlorne, so kvar og ein kann lesa det lett!

3 For endå lyt syni venta på si tid, men ho stundar etter målet og skal ikkje svika. Um ho drygjer, so bia på henne, for ho kjem nok, ho skal ikkje verta burte.

4 Sjå kor hjartans kaut og krokut han er! Men den rettferdige, ved si tru skal han liva.

5 For liksom vinen ikkje er å lita på, so skal den kaute karen ikkje få bu i ro, um han so gaper som helheimen og er som dauden umettande, og um han hev sanka til seg alle folk og henta til seg alle folkeslag.

6 Alle dei skal i sanning setja i med spottesong um honom og sneida etter honom i gåtor; dei skal segja: «Usæl den som dungar i hop det han ikkje eig - kor lenge? - Og som lesser på seg pant!»

7 Brått skal dei reisa seg dei som skal pina deg, og vakna dei som skal ruska i deg, so du vert til ran for deim.

8 Av di du hev plundra mange folk, so skal alt det som vert att er av folki, plundra deg, for manneblod skuld og for valdsverk mot jordi, mot byen og alle som bur der.

9 Usæl den som dreg ihop låk vinning til huset sitt, av di han vil byggja reiret sitt i høgdi og sleppa frå ulukke-hand!

10 Du hev rådlagt til skam for ditt hus, rådlagt um å øyda mange folk, og soleis synda mot deg sjølv.

11 For steinen skrik utor muren, og frå treverket svarar bjelken.

12 Usæl den som byggjer by med blod og reiser borg med urett!

13 Er ikkje det av Herren, allhers drott: «Folki arbeider for elden, og folkeslagi møder seg ut for inkje?»

14 «For jordi skal fyllast med kunnskap um Herrens herlegdom liksom vatnet fyller havet.»

15 Usæl den som skjenkjer andre med harm iblanda, ja, drikk deim drukne, so han kann skoda blygsli deira.

16 Du vert metta med skam for æra. Drikk du, og syn di fyrehud! Staupet i Herrens hand kjem til deg, og skjemsla skyler di æra.

17 For valdsferdi mot Libanon skal velta yver deg, og øydingi av dyri som skræmde dei, for manneblod skuld og for valdsverk mot jordi, mot byen og alle som bur der.

18 Kva gagnar eit utskore bilæte, sidan treskjeraren hev skore det? Eller eit støypt bilæte, ein ljugarlærar, sidan støyparen lit so på det, at han lagar mållause avgudar?

19 Usæl den som segjer til stokken: «Vakna!» Og: «Reis deg!» til mållause steinen. Skulde den vera lærar? Visst er han slegen med gull og sylv, men det finst ikkje ånd i honom.

20 Men Herren er i sitt heilage tempel; ver still for honom, all jordi!

3. kapitlet

1 Ei bøn av profeten Habakuk. Etter Sjigjonot.

2 Herre, eg hev høyrt tidendi um deg, eg er forfærd. Herre, ditt verk - kveik det upp att i desse åri! Kunngjer det i desse åri! Midt i harm kom miskunn i hug!

3 Gud kjem frå Teman, og den Heilage frå Paranfjellet. Sela. Hans herlegdom tekkjer himmelen, og jordi er full av hans pris.

4 Det vert ein glans som av soli, geislar gjeng frå hans sida; der løyner seg hans magt.

5 Fyre honom gjeng sott, og sykja fylgjer hans fotfar.

6 Han stoggar, og jordi ristar, han ser, og folki skjelv; dei gamle fjelli sprekk, og ævordoms-haugarne sig i hop. Han fer på vegar frå fordom.

7 Kusans tjeldbuder ser eg i vande, tjeldi i Midjanslandet skjelv.

8 Logar din harm mot elvar, Herre? Din vreide mot elvarne? Harmast du på havet, sidan du ferast med hestarne dine, med sigervognerne dine?

9 Berr, ja berr er bogen din. Svorne er refsingsris i ordet. Sela. Til elvar kløyver du jordi.

10 Fjelli ser deg og skjelv, støyteregn sturtar ned, djupet dyn og styn, det lyfter henderne mot høgheim.

11 Sol og måne gjeng inn i sitt hus for skinet frå dine farande piler, for glansen av ditt ljonande spjot.

12 I harm skrid du fram yver jordi, i vreide trøder du folk under fot.

13 Du dreg ut til frelsa for folket ditt, til frelsa for honom som du salva. Du krasar hovudet på huset åt den gudlause, du gjer grunnen berr alt til halsen. Sela.

14 Med hans eigne spjot sting du gjenom hovudet på hovdingarne hans som stormar fram, vil spreida meg, som gleder seg som det galdt i løynd å eta ein arming upp.

15 Du fer yver havet med hestarne dine, det velduge brusande vatnet.

16 Eg hev høyrt det, og hjarta skalv. Ved ljoden bivrar lipporne mine, beini morknar i meg, og eg skjelv der eg stend. For eg lyt tolug bia på trengsledagen, til han dreg upp som trengjer folket.

17 For fiketreet blømer ikkje, og vintreet ber ikkje frukt, olje-avlen mislukkast. Og markene ber ikkje mat; sauerne kverv or kvii, og det finst ikkje fe i fjøset.

18 Men eg vil frygda meg i Herren, vil gleda meg i Gud som frelser meg.

19 Herren, Herren er min styrke, han gjev meg føter som ei hind og let meg skrida yver mine haugar. Til songmeisteren, med min strengleik.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2024